EKSTERN SKULEVURDERING VÅREN 2010
|
Brit-Synnøve Torvik, Stig Grimstad, Bodil Holsvik og Lena Landsverk Sande |
Sjustjerna har no avslutta vårens vurderingsrunde med ekstern vurdering. Vurderarkorpset har vurdert tre skular i vår. Desse er Hareid skule, Ytre Herøy ungdomsskule og Åheim skule. Rapportane er lagt ut under menyknappen "ekstern vurdering-vurderingsrapportane"
Les også avisartikkel frå avisa Synste Møre under.
"NATURFAG MED MÅL OG MEINING "PÅ FACEBOOK
For alle som har vore deltakarar på etter- og vidareutdanninga "Naturfag med mål og meining"
Og alle som brenn for naturfag og ønskjer å dele det med andre :)
For å melde deg inn i denne gruppa gå til:
(Eller klikk på bildet for å åpne sida i ei ny fane.)
http://www.facebook.com/home.php?#!/group.php?gid=319931175025
SKULELEIARSAMLING 10
|
Professor Peder Haug |
Sjustjerna hadde si tiande skuleleiarsamling på Hotell Alexandra i Loen den 28.-29 april. 70 skuleleiarar frå regionen var samla i to dagar for fagleg påfyll og utveksling av erfaringar i nettverksgrupper. Også denne gongen fekk dei høyre dyktige foredragshaldarar og aktuelle tema.
Vil du lese meir trykk på "Les meir" knappen under.
Presentasjonane frå samlinga finn de under:
NYTT FRÅ UDIR.
Ny nettside:"Vurdering for læring"
Brosjyre om ny vurderingsforskrift:
http://www.udir.no/Brosjyrer/Vurdering--no-gjeld-det/
Fra ord til handling på facebook:
http://www.facebook.com/pages/Skoleutvikling-fra-ord-til-handling/311922412779
GRÜNDERCAMP VED ØRSTA UNGDOMSSKULE FOR TREDJE ÅR PÅ RAD
I veke 15 avvikla Ørsta ung.skule Gründercamp for tredje året på rad. Heile 120 elevar i 9.klasse deltok på Gründercampen som gjekk over fire dagar. Ørsta ungdomsskule er den skulen i regionen som har mest erfaring med å arrangere Gründercamp, og programmet er no så innarbeidd og etterspurt av elevane, at det ser ut til å bli ein fast aktivitet på planen for faget utdanningsval ved Ørsta ungdomsskule.
Les meir om Gründercampen ved Ørsta ungdomsskule i avisartikkelen frå Mørenytt under:
GRÜNDERCAMP VED VARTDAL OG SÆBØ SKULE I ØRSTA
Til saman 68 elevar frå 8.-10. klasse ved Vartdal og Sæbø skule i Ørsta var med på Gründercamp for aller første gong i veke 10. Elevane var delt inn i til saman femten grupper frå dei to skulane. Skulane kjørte kvar sine opplegg med oppdrag frå lokalt arbeids og næringsliv. Finalen var eit samarbeid mellom skulane og blei arrangert på Ørsta kulturhus. Gruppene frå dei to skulane konkurrerte mot kvarandre i ein felles finale.
Les meir om Gründercampen ved Vartdal og Sæbø skule i avisartikkelen frå Mørenytt under:
VÅRT LOKALSAMFUNN VED HAREID SKULE
Ordførar i Hareid, Hans Gisle Holstad gjennomførte entreprenørskapsprogrammet Vårt Lokalsamfunn for 4. klasse ved Hareid skule i veke 11 og 12. Tilsaman 29 engasjerte elevar fekk vere med på gjennomføringa med ordføraren.
Les meir frå denne gjennomføring i avisartiklane frå Vikebladet Vestposten (vedlagt)
SMART VED VELLE SKULE I ØRSTA