EKSTERN SKULEVURDERING VÅREN 2010

Brit-Synnøve Torvik, Stig Grimstad, Bodil Holsvik og Lena Landsverk Sande

Sjustjerna har no avslutta vårens vurderingsrunde med ekstern vurdering. Vurderarkorpset har vurdert tre skular i vår. Desse er Hareid skule, Ytre Herøy ungdomsskule og Åheim skule. Rapportane er lagt ut under menyknappen "ekstern vurdering-vurderingsrapportane"

Les også avisartikkel frå avisa Synste Møre under.

 

Til saman har Sjustjerna ekstern vurdert 42 skular i regionen over 4 år.

Avslutninga av det eksterne vurderingsarbeidet blei høgtideleg markert ved rapportframlegginga på den siste skulen, Åheim skule i veke 18. Det var vurderarparet Brit-Synnøve Torvik og Stig Grimstad som fekk æra over å leggje fram den siste rapporten. Rektor ved skulen Lena Landsverk Sande og Inspektør Bodil Holsvik var veldig fornøgde og tok imot rapporten foran resten av kollegiet. Sjå bilete over.

 Vurderarane denne runden har vore:

Hareid skule: Ove Tennfjord (Volda) og Hilde Hestås (Herøy)

Ytre Herøy ungdomsskule: Reidar Vidnes (Vanylven) og Judith B. Kragseth (Vanylven)

Åheim skule (Vanylven): Stig Grimstad (Ulstein) og Brit-Synnøve Torvik (Herøy) 

 

|Mer

Adresse

Sjustjerna
Rådhuset
6150 ØRSTA
Tlf. 70 04 97 31
Mob:90 72 93 10

Epost:

stine.bratteberg@
orsta.kommune.no


 
Sjustjerna er eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre. Sjustjerna er kompetanseregion for grunnskuleområdet.På Sjustjerna sine nettsider finn du informasjon om kompetanseregionen sine tenester og satsingsområde.