SMART VED VELLE SKULE I ØRSTA
Klasse 6a på Velle skule i Ørsta gjennomførde Entreprenørskapsprogrammet SMART over tre dagar i veke 10 og 11. Det var 23 stolte elevar som onsdag den 17. mars presenterte sine smarte idear for elevar og lærarar på Velle.
Sjå bildegalleri frå presentasjonen under menyknappen entreprenørskap.
Elevane hadde funne problem på skulen og i nærområdet som dei presenterte sine løysninger på. På skulen var det eit problem med dei nye skohyllene i gangen. Skohyller i to etasjer gjorde at smeltevatn frå snø og is rann rett ned i skoa under. Her hadde elevane fleire smarte idear til løysning. Dei andre problema som klassa fann var også knytta til snø, is og kulde i vinter. Mellom anna problem med hjorten som ikkje finn nok mat, problem med snø og is på hustak og problem med kalde og våte sko.
Sjå bilete av dei smarte løysningene under menyknappen entreprenørskap.