VÅRT LOKALSAMFUNN VED HAREID SKULE

Ordførar i Hareid, Hans Gisle Holstad gjennomførte entreprenørskapsprogrammet Vårt Lokalsamfunn for 4. klasse ved Hareid skule i veke 11 og 12. Tilsaman 29 engasjerte elevar fekk vere med på gjennomføringa med ordføraren.

Les meir frå denne gjennomføring i avisartiklane frå Vikebladet Vestposten (vedlagt)

Elevane hadde tre økter av programmet på skulen. Dei siste to øktene vart dei inviterte til rådhuset og fekk gjennomgong der. Ordføraren fortel at han har ein filosofi om at ein blir glad i lokalsamfunnet sitt om ein lærer om det. Det aukar sjansen for at elevane flyttar tilbake til Hareid om dei reiser ut for å studere. Difor tek han seg no tid til å undervise skuleelevar om lokalsamfunnet sitt.

Adresse

Sjustjerna
Rådhuset
6150 ØRSTA
Tlf. 70 04 97 31
Mob:90 72 93 10

Epost:

stine.bratteberg@
orsta.kommune.no


 
Sjustjerna er eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre. Sjustjerna er kompetanseregion for grunnskuleområdet.På Sjustjerna sine nettsider finn du informasjon om kompetanseregionen sine tenester og satsingsområde.