GRÜNDERCAMP VED VARTDAL OG SÆBØ SKULE I ØRSTA

Til saman 68 elevar frå 8.-10. klasse ved Vartdal og Sæbø skule i Ørsta var med på Gründercamp for aller første gong i veke 10. Elevane var delt inn i til saman femten grupper frå dei to skulane. Skulane kjørte kvar sine opplegg med oppdrag frå lokalt arbeids og næringsliv. Finalen var eit samarbeid mellom skulane og blei arrangert på Ørsta kulturhus. Gruppene frå dei to skulane konkurrerte mot kvarandre i ein felles finale.

Elevar og lærarar møtte spente og godt førbudde på Kulturhuset i Ørsta, for å presentere arbeidet for juryen, som besto av 4 medlemmar.:

Varaordførar Paul Kristian Hovden, Næringssjef Martin Foldal, Leiar for Sjustjerna samarbeidet Stine Bratteberg og Leiar for kaihuset Aurora Høegh-Omdal.

Vinnargruppa hadde fått i oppdrag å lage eit tre treretters middagskonsept frå Rekkedal gjestehus og besto av elevane Olai Eikrem Riise, Sindre Brautaset og Anne Thi Håndlykken. Ein del av oppdraget var å lage ein menyhaldar i tre med plass til både bordkort og visittkort.

På andreplass kom ei gruppe frå Vartdal skule som hadde fått i oppdrag å lage eit framlegg til nyopninga av MC-delar på Vartdal. På tredjeplass kom ei anna gruppe frå Vartdal skule som hadde lage eit dagsprogram til barnehagen på Vartdal.

Adresse

Sjustjerna
Rådhuset
6150 ØRSTA
Tlf. 70 04 97 31
Mob:90 72 93 10

Epost:

stine.bratteberg@
orsta.kommune.no


 
Sjustjerna er eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre. Sjustjerna er kompetanseregion for grunnskuleområdet.På Sjustjerna sine nettsider finn du informasjon om kompetanseregionen sine tenester og satsingsområde.