GRÜNDERCAMP VED ØRSTA UNGDOMSSKULE FOR TREDJE ÅR PÅ RAD
I veke 15 avvikla Ørsta ung.skule Gründercamp for tredje året på rad. Heile 120 elevar i 9.klasse deltok på Gründercampen som gjekk over fire dagar. Ørsta ungdomsskule er den skulen i regionen som har mest erfaring med å arrangere Gründercamp, og programmet er no så innarbeidd og etterspurt av elevane, at det ser ut til å bli ein fast aktivitet på planen for faget utdanningsval ved Ørsta ungdomsskule.
Finalen gjekk som vanleg av stabelen i Ørsta Kulturhus og i juryen i år sat: Ordførar Gudny Fagerhol, Martin Foldal (næringssjef), Idun Hofseth (oppvekst- og kultur), Kari Buset (inspektør), Knut Steinnes (Rufo) og elevrådsleiar Vilde Vartdal Halse.
Ivar Aasen- tunet stilte med oppdrag for tredje året på rad, og fekk nok ein gong vinnargruppa. Oppdraget i år var å lage eit jubileumsprodukt. Vinnargruppa laga eit brettspel med bilde av Ivar Aasen og spørsmålskort med oppgåver om språk og historie.
Les meir om Gründercampen ved Ørsta ung. skule i avisartikkelen henta frå lokalavisa Mørenytt.